Hopp til innhald

Anita Skorgan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anita Skorgan

Statsborgarskap Noreg, Sverige
Fødd 13. november 1958 (65 år)
Göteborg
Yrke musikar, songar, songar-låtskrivar, plateartist
Språk norsk, engelsk
Medlem av Queen Bees
Ektefelle Jahn Teigen
Anita Skorgan på Commons

Anita Skorgan (fødd 13. november 1958) er ein norsk musikkartist.

Skorgan representerte Noreg i Eurovision Song Contest 1977, 1979 og 1982. I 1979 vann ho òg Spellemannprisen i klassen pop for plata Ingen vei tilbake. Ho vann Gammleng-prisen i 1991 i klassen pop.

Ho har gjeve ut ei rekkje CD-ar og skrive songar for andre artistar, mellom anna Karoline Krügers «For vår jord» i 1988. I 2005 blei Skorgan med i ei gruppe kalla Queen Bees saman med Rita Eriksen og Marianne Antonsen.

Anita Skorgan var tidlegare gift med Jahn Teigen. Dei har dottera Sara saman.

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.