Astana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astana
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Kasakhstan
Høgd 347 m
Areal 797,33 km²
Folketal 1 078 362 (2019)[1]
Grunnlagd 1830
Tidssone UTC +6
Postnummer 010000–010015
Retningsnummer +7 7172
Kart
Astana
51°08′00″N 71°26′00″E / 51.133333333333°N 71.433333333333°E / 51.133333333333; 71.433333333333
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan
Wikimedia Commons: Astana

Astana (kasakhstansk og russisk Астана; tidlegare kalla Akmola, Tselinograd, Aqmola og Nur-Sultan) er den nest største byen og er sidan 1997 hovudstaden i Kasakhstan. Han ligg nord i sentrale område av Kasakhstan innanfor Akmola oblast, men er administrativt ikkje ein del av oblastet, som har sin eigen hovudstad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sibirske kosakkar frå Omsk grunnla ei stor festning i dei øvre områda av elva Isjim i 1824, som seinare utvikla seg til byen Akmolinsk. Tidleg på 1900-talet vart byen eit stort jernbaneknutepunkt, noko som førte til kraftig økonomisk vekst fram til den russiske revolusjonen.

Gulagane låg ein gong tjukt ut over den kasakhstanske steppa, og elleve av dei husa hundretusenvis av fangar med familiane deira. Utanfor Astana låg ALZHIR-leiren, ei russisk forkorting for «Akmolinskij-leiren for konene til forrædarane av moderlandet», ein av dei mest frykta av gulagane. Leiren var nytta for konene til mennene Josef Stalin såg på som «fiendar av folket».[2]

I 1961 fekk byen namnet Tselinograd og vart hovudstad i Det sovjetiske jomfrulandområdet (Tselinnij Kraj). Byen vart senteret i Jomfrulandplanen til Nikita Khrusjtsjov i 1950-åra for å gjere regionen om til eit nytt kornproduserande området for Sovjetunionen. Den store etniske blandinga ein har i området i dag kan stort sett sporast tilbake til denne tida då mange flytta til området for å arbeide her, i tillegg til mange russiske tyskarar som vart flytta hit etter å ha vorte deportert av Josef Stalin under den andre verdskrigenNazi-Tyskland invaderte Sovjetunionen.

Etter at Kasakhstan fekk sjølvstende sitt i 1991 vart byen og regionen kalla Akmola. Dette namnet vert ofte omsett til «kvit gravstein», men tyder eigentleg «Heilag plass».

I 1994 vart byen vald ut som den framtidige hovudstaden i det nyleg sjølvstendige landet og fekk så namnet Astana etter hovudstaden offisielt vart flytta frå Almaty i 1997. Trass i den isolerte plasseringa til den nye hovudstaden midt på Den kasakhstanske steppa og det særs kalde klimaet om vinteren, trong rett og slett Kasakhstan ein meir sentralt plassert hovudstad enn Almaty, som ligg heilt søraust i landet ved grensa til Kirgisistan.

I 2019 skifta hovudstaden namn til Nur-Sultan for å heidre den nyss avgåtte presidenten Nursultan Nazarbayev,[3] men i 2022 vart namnet endra attende til Astana.[4]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg sentralt til i Kasakhstan ved elva Isjim på ei svært flat, halvørkenliknande steppe. Astana ligg 347 meter over havet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimatisk er Astana den nest kaldaste hovudstaden i verda etter Ulan Bator i Mongolia, og temperaturar rundt 35-45 kuldegrader seint på hausten er ikkje uvanleg. Nursultan er òg kjend for å ha frost regelmessig rundt seks månader av året. Astana har generelt kontinentalklima med særs kalde vintrar og moderat varme somrar, i tillegg til at han får lite nedbør.

Den årlege middeltemperaturen i Astana er 1 °C. Januar er den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på -16 °C, medan juli er den varmaste med ein middeltemperatur på 20 °C.

Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temperatur °C -12 -11 -4 9 19 25 27 24 18 8 -2 -9 7
Normal min. temperatur °C -21 -21 -15 -2 5 11 13 11 5 -1 -11 -18 -3
Nedbør (mm) 22 14 19 21 31 40 50 37 26 27 20 22 329

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://stat.gov.kz/getImg?id=ESTAT295414.
  2. kazakhembus.com, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 18. januar 2008 
  3. «Nursultan, not Astana – Kazakhstan renames capital to honor Nazarbayev». Deutsche Welle. 20. mars 2019. Arkivert frå originalen 22. mars 2019. Henta 5. mai 2024. 
  4. «Kazakhstan's president signs decree to rename capital city to Astana». TASS. 17. september 2022. Henta 5. mai 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Astana