Chanonry Point
Chanonry Point | |||
øy | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Chanonry Point 57°34′20″N 4°05′55″W / 57.5722°N 4.09861°W | |||
Wikimedia Commons: Chanonry Point | |||
Chanonry Point (skotsk-gælisk Gob na Cananaich) ligg i enden av Chanonry Ness og er ei halvøy som strekkjer seg ut i Moray Firth mellom Fortrose og Rosemarkie på Black Isle i Skottland.
Det ligg to campingplassar på Chanonry Point, samt Fortrose and Rosemarkie Golf Club. Eit fyr bygd av Alan Stevenson vart bygd på halvøya i 1846.[1] Fyret vart automatisert i 1984 og er i dag privateigd.
Det er ofte delfinar å sjå frå Chanonry Point.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Chanonry Point» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Chanonry Lighthouse, arkivert frå originalen 16. oktober 2013, henta 3. juli 2011
- ↑ Press & Journal, 1/08/09