Dataverse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dataverse er ein nettapplikasjon for deling, arkivering, sitering, utforsking og analysering av forskingsdata.[1][2] Forskarar, forfattarar, utgjevarar, databidragsytarar og tilknytte institusjonar blir krediterte gjennom sitering med ein persistent identifikator (DOI (digital object identifier) eller Handle).

Ein Dataverse-installasjon består av ei hovudsamling (eit såkalla root dataverse), som kan ha fleire undersamlingar (såkalla sub-dataverses), og kvar samling inneheld datasett og metadata som beskriv desse datasetta.

Bakgrunn om Dataverse[endre | endre wikiteksten]

Dataverse er utvikla og forankra ved Institute for Quantitative Social Science (IQSS) ved Harvard University. Utviklinga av Dataverse (tidlegare kjent under namnet Dataverse Network) byrja i 2006 under leiing av Mercè Crosas og Gary King. Arbeidet byggjer på det tidlegare Virtual Data Center (VDC)-prosjektet, som varte frå 1999 til 2006, og som blei leidd av Micah Altman, Gary King, og Sidney Verba som eit samarbeid mellom Harvard-MIT Data Center (no del av IQSS) og Harvard University Library. Forgjengarane til VDC går tilbake til 1987 og inkluderer m.a. verktøy for overføring av katalogdata via FTP til einingar på andre universitetsområde til faste tider.[3]

Harvard Dataverse[endre | endre wikiteksten]

Harvard Dataverse er Harvard University sin eigen Dataverse-installasjon. Arkivet er eit samarbeid mellom Institute for Quantitative Social Science (IQSS), Harvard Library og Harvard University Information Technology (HUIT). Harvard Dataverse er eit arkiv for deling, arkivering, sitering, utforsking og analyse av forskingsdata. Arkivet er ope for alle typar forskingsdata frå alle fagområde frå heile verda.

Dataverse-installasjonar i verda[endre | endre wikiteksten]

Ei rekkje universitet og andre forskingsinstitusjonar har installert Dataverse. Her er ei liste over nokre av installasjonane:

  • Odum Institute
  • DataverseNL (DANS, nederlandske universitet)
  • Fudan University
  • University of Alberta Libraries
  • Department of Cross Cultural and Regional Studies, University of Copenhagen (ToRS)
  • ABACUS - British Columbia Research Libraries' Data Services
  • Scholars Portal - Ontario Council of University Libraries (OCUL)
  • HeiDATA - Heidelberg University
  • DataverseNO (norske forskingsinstitusjonar)

Programmeringsgrensesnitt (API-ar) og interoperabilitet[endre | endre wikiteksten]

Dataverse tilbyr fleire opne programmeringsgrensesnitt (API-ar), som gjer det mogleg å søkja, arkivera og få tilgang til data.

Dataverse i Europa[endre | endre wikiteksten]

Dataverse er også teke i bruk i europeiske land for å arkivera og dela data frå forskingsmiljø i Nederland, Tyskland, Frankrike, Finland og Noreg. Den største Dataverse-installasjonen er DataverseNL, som er ei arkiveringsløysing for 11 nederlandske universitet. DataverseNO, som er eit nasjonalt arkiv for opne forskningsdata i Noreg, er per i dag brukt av ni universitet og høgskular i Noreg.[treng kjelde]

Alternative og liknande prosjekt/applikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein applikasjon som ofte blir jamført med Dataverse, er DSpace. Også DSpace er brukt for å lagra vitskaplege data. CKAN tilbyr liknande funksjonalitet og er mykje brukt for opne data.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Crosas, M. «The Dataverse Network: An Open-Source Application for Sharing, Discovering and Preserving Data». D-Lib Magazine. Henta 23 December 2017. 
  2. «About the Project». Dataverse. 
  3. «History of the Project». About the Project. Henta 23 December 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]