Eidbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eidbukta
stad
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Meløy
Areal 0,76 km²
Folketal 542  (2023)
Folketettleik 713 / km²
Postnummer 8150 ØRNES
Preposisjon i Eidbukta
Kart
Eidbukta
66°50′42″N 13°43′55″E / 66.845°N 13.731944444444°E / 66.845; 13.731944444444

Eidbukta er ei samling av bustadområde som Statistisk sentralbyrå, SSB, har gjeve namn på og har definert som ein tettstad. Han ligg i Meløy kommune i Nordland fylke. Staden har 542 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg sørom Ørnes. SSB oppretta objektet i 2008 som femna om bustadfelt ved Eidbukta, frå 2015 er arealet blitt utvida søraustover og femnar no også om Sandåg og Neverdal.[1]

Folketalsutvikling for tettstaden Eidbukta
År Folketal[2]
2008
200
2009
201
2011
210
2013
300
2015
565
2017
583
2019
569
2021
554
2023
542

Grenda Eidbukt[endre | endre wikiteksten]

Eidbukt, opphavleg Øybukt, var ei grend med tidlegare i alt fem gardsbruk fordelt på to matrikkelgardar, gardsnummer 51 og 52 i Meløy kommune, totalt på 93 dekar i 1893. Gardane ligg på eidet som skil Eidbukta (havbukt) frå Sandåbukta. Dei grensar mot Sandå i nordaust og mot Borvik i nordvest.[3] I 1875 var folketalet 25 på gardane, medan det i 1970 var 64 busette i grenda. Namna på gardane er Øybukt ytre og Øybukt indre.[4]. Dei eldste funn av menneskeleg aktivitet på gardane er rekna å vere mellom 3000 og 4000 år gamle.[5] Grenda hadde skole frå byrjinga av 1890-talet fram til han vart flytta til Neverdal[6] i 1931.[7]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kart fra Statistisk sentralbyrå - Søk på 'Tettsted: Eidbukta'». Statistisk sentralbyrå. Henta 10. mai 2024. 
  2. «Tabell 14216: Areal og befolkning i tettsteder (K) (T) 2000 - 2023». Statistisk sentralbyrå. Henta 5. mai 2024. 
  3. Gård og grend i Meløy, skildring side 469 og 470.
  4. Gård og grend i Meløy meiner at Øybukt er det opphavlege namnet på grenda, bl.a. i følgje utskiftingskartet av 1893. Namnet Eidbukt kom inn på NGO topografiske kart, målestokk 1:100000. Side 469.
  5. Gård og grend i Meløy, side 470
  6. Artikkel i Årbok nr. 19 av Meløy Historielag, 2003
  7. Nettside hos[daud lenkje] Meløy Historielag.
Spire Denne Nordlandartikkelen som har med geografi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.