Hopp til innhald

Gribbar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gribbar
Gåsegribb (Gyps fulvus)
Gåsegribb (Gyps fulvus)

Gribbar er ein del av haukefamilien Accipitridae, som òg inkluderer ørner, våkar, glentar og haukar. Gribbar lever av åtsel med utbreiingsområde i over store delar av Afrika, Sentral-Asia, Det indiske subkontinentet, avgrensa område i nordlege Søraust-Asia og i Sør-Europa. Ni av dei seksten artane finst i Afrika.

Termen gribbar har tradisjonelt vore nytta om to ulike grupper, ekte gribbar i «den gamle verda» og den nye verdas gribbar i Amerika, sist nemnte no oftast kalla kondorar. Likskapen mellom desse to gruppene skyldast konvergerande evolusjon snarare enn eit nært slektskap.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gribbar er mellomstore til store rovfuglar i haukefamilien. Dei minste artane, åtselgribb (Neophron percnopterus) og palmegribb (Gypohierax angolensis), har storleik som musvåk, 60-70 cm i kroppslengd og 135-175 cm i vengespenn.[1] Andre gribbartar er store som kongeørner, men den største arten, munkegribb (Aegypius monachus), er langt større: vengespenn på rundt 3 meter og kroppsvekt på over 11 kg.[2] Nett som kondorar er gribbar åtseletarar, og et hovudsakleg frå kadaver av større daude dyr. Palmegribb er eit unnatak, frukt gjer ut for ca. 60 % av føda for palmegribbar, i tillegg kjem animalsk føde som mest er små dyr og fisk, som åtseletarar tar dei små bytte slik som daude slangar og øgler, berre sjeldan går dei på større åtsel.[1]

Gribbar manglar luktesans og finn kadaver med hjelp av synet. Ei undersøking av evna til å tolke lydar frå byttedyr og rovdyr på bakken indikerer at fem av seks undersøkte gribbeartar også kan bruke høyrsla for å finne mat.[3]

Eit spesielt kjenneteikn ved mange gribbar er eit delvis skalla hovud, nokre gonger utan fjør eller med berre litt dun. Tidlegare trudde ein at dette kom av åtferda ved eting, då fjører ville bli sølt til med rotnande kjøtt og blod. Ein nyare studie utfordrar det etablerte synet, og viser at mangel på fjører faktisk kan vere ein termoregulatorisk tilpassing for å unngå overoppheting av ansiktet; nærværet eller fråværet av komplekse fjører ser ut til å ha lite å seie for etevanar, ettersom nokre gribbar er ganske som andre rovfuglar i å ta inn føde.[4]

Utbreiingsområdet[endre | endre wikiteksten]

Sørlege palearktis[endre | endre wikiteksten]

Ein art, munkegribb (Aegypius monachus) har hekkeområde frå Den iberiske halvøya til Mongolia og Kina. I Europa hekkar han i Spania, Portugal, søraust i Frankrike, nordaust i Hellas, Krim, Tyrkia og Kaukasus.[5] Gjennom Sentral-Asia aust til Mongolia. Munkegribbar kan streife i Sentral-Europa så langt nord som til Danmark[6] (i Noreg i september 2019, stasjonær i Rogaland i mars 2020)[7] og Estland. Ungfuglar overvintrar i Nord-Afrika og delar av Vest-Afrika.

Sørlege palearktis, den afrotropiske og den orientalske regionen[endre | endre wikiteksten]

Gåsegribb (Gyps fulvus) hekkar frå Portugal i vest til Kirgisistan i Sentral-Asia i aust, finst elles over Sahel i Afrika, over Den arabiske halvøya aust til Nord-India.[8] Lammegribb (Gypaetus barbatus) har ei vid, men særs fragmentert utbreiing over fjellområde i Eurasia og Aust-Afrika, i Europa i Pyreneane og Alpane.[9] Åtselgribb (Neophron percnopterus) hekkar fragmentert i Sør-Europa frå Iberia austover gjennom Sør-Ukraina, Tyrkia og Kaukasus til Sentral-Asia og nordvestlege India, og i sør gjennom Nord-Afrika og Levanten. Han er ein standfugl i og har overvintring i Sahel og frå Arabia til Nord-Tanzania, sørvestlege Angola og nordlege Namibia. Finst også på øyar: Balearane, Sicilia, Kapp Verde og Socotra.[10]

Den afrotropiske regionen[endre | endre wikiteksten]

Dei fem artane hettegribb (Necrosyrtes monachus), kvitryggribb (Gyps africanus), skjelgribb (Gyps rueppelli), kvithovudgribb (Trigonoceps occipitalis) og øyregribb (Torgos tracheliotos) lever alle spreidd i eit breitt belte over mykje av Afrika sør for Sahara, frå Mauritania i nordvest.[11][12][13][14][15] Kappgribb (Gyps coprotheres) er isolert i sør, lever i austlege delar av Botswana og Sør-Afrika, somme overvintrar i Zimbabwe.[16] Palmegribb (Gypohierax angolensis) er ein afrikansk art som ikkje er typisk åtseletar, lever i vestlege delar av Afrika sør for Sahara, og sør til Angola og Zambia.[17]

Den orientalske regionen[endre | endre wikiteksten]

Bengalgribb (Gyps bengalensis) har hatt ei utbreiing frå Aust-Pakistan over India til Myanmar og fragmentert i nordlegaste Søraust-Asia.[18] Indiagribb (Gyps indicus) finst i vestlege delen av India frå lengst sør nord til Ganges og litt inn i søraustlegaste Pakistan.[19] Himalayagribb (Gyps himalayensis) lever i høgtliggande fjellstrøk i Himalaya gjennom åtte land. Arten finst også i litt inn i Myanmar og har vorte registrert som ein streiffugl i Kambodsja og Sør-India.[20]

Teraigribb (Gyps tenuirostris) og raudhovudgribb (Sarcogyps calvus) har hatt ei dels overlappande utbreiing i dei lågare nivå av Himalaya frå nordvestlegaste India gjennom Nepal til nordaustre Myanmar, dessutan i Kambodsja og litt inn i Sør-Laos. Raudhovudgribb også over store delar av det indisk subkontinent, men no utdøydd eller svært sjeldan i store delar av det historiske utbreiingsområdet.[21][22]

Status, trugsmål og vernearbeid[endre | endre wikiteksten]

Raudlista for gribbar per 2022, fordeling over kategoriar ██ LC - livskraftig 2 (12%)██ NT - nær truga 3 (19%)██ VU - sårbar 1 (6%)██ EN - sterkt truga 2 (13%)██ CR - kritisk truga 8 (50%)

IUCN raudlistekategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist, versjon 7 desember 2022.[23]

Gribbar utfører oppryddingstenester i naturen som er avgjerande for økosystemhelsa og som dessutan har synt seg å vere vektig for velvære åt menneske.[24] Oppfølging av storleiken på populasjonar av dei einskilde artane syner at gruppa har uvanleg stor tilbakegang.[25] Åtte av seksten gribbeartar er klassifiserte som kritisk truga av Verdas naturvernunion, IUCN. Gribbartane vert konfrontert av ei mengd trugsmål i habitata sine som har skapt trugande tilbakegang for fleire artar. Diklofenakforgifting, tap av habitat, ulovleg handel, forfølging og kollisjonar med straumleidningar utgjer hovudutfordringane som set desse artane i fare. Bevaringsinitiativ har vorte sette i verk globalt, og omfattar forbod mot veterinærmedisinen diklofenak, avlsprogram i fangenskap, offentleg kampanjar for å gjere folk medvetne, og felles innsats for å verne kritiske habitat.[26]

Av dei seks artane med naturleg utbreiing i den orientalske regionen, er heile fire kategoriserte som kritisk truga (CR) og ein er sterkt truga (EN). Bengalgribben (Gyps bengalensis) symboliserer krisa for gribbane i verda, han vippar på randa av utrydding etter ei nedgang på 99 % frå 1990-åra til 4000–6000 modne individ i dag.[18]

Situasjonen i Afrika er ikkje stort betre, den afrikanske arten kvitryggribb (Gyps africanus) står overfor ein overhengande fare, og går gjennom ein årleg nedgang på gjennomsnittleg 4 % frå om lag 270 000 i 2014.[12] Kvithovudgribb (Trigonoceps occipitalis) er i ein liknande situasjon med estimert populasjon på 5500 individ i 2015, har hatt ein nedgang på 96 % over tre generasjonar. Han lever i dag hovudsakleg innanfor verneområde, bestanden minkar på grunn av reduserte mellomstore pattedyrpopulasjonar og habitatendringar. Hastehandlingar inkluderer handheving av lovar mot forgifting og bevisstgjering for å redusere trugsmåla.[14]

Ein art, gåsegribb (Gyps fulvus), bryt dette mønstret. Han er kategorisert som livskraftig. Estimata for den globale populasjonen av gåsegribb varierer frå 80 000 til 900 000 modne individ. Europeiske bestandar aukar på grunn av bevaringsarbeid, inkludert gjeninnføringar. Det er likevel registrert nedgang i Nord-Afrika, Tyrkia og Nord-Israel på grunn av forfølging og forgifting. Totalt sett blir arten trudd å vere stabil eller aukande, først og fremst på grunn av bevaringsinitiativ i Europa.[8]

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Gribbar ei ikkje ei taksonomisk gruppe, men gjer ut for delar av to underfamiliar i haukefamilien, utdrag av artslista for haukefamilien i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024, [27] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler:[28] :

Treliste
  • Haukefamilien
    • Underfamilie Accipitrinae
      • (slekter av ørner, haukar, våkar og glentar)
      • Slekt Necrosyrtes
        • Hettegribb, Necrosyrtes monachus, Hooded Vulture, (Temminck, 1823), (CR)
      • Slekt Gyps
        • Kvitryggribb, Gyps africanus, White-backed Vulture, Salvadori, 1865, (CR)
        • Bengalgribb, Gyps bengalensis, White-rumped Vulture, (Gmelin, JF, 1788), (CR)
        • Indiagribb, Gyps indicus, Indian Vulture, (Scopoli, 1786), (CR)
        • Teraigribb, Gyps tenuirostris, Slender-billed Vulture, Gray, GR, 1844, (CR)
        • Skjelgribb, Gyps rueppelli, Rüppell's Vulture, (Brehm, AE, 1852), (CR)
        • Himalayagribb, Gyps himalayensis, Himalayan Vulture, Hume, 1869, (NT)
        • Gåsegribb, Gyps fulvus, Griffon Vulture, (Hablizl, 1783), (LC)
        • Kappgribb, Gyps coprotheres, Cape Vulture, (Forster, JR, 1798), (VU)
      • Slekt Sarcogyps
        • Raudhovudgribb, Sarcogyps calvus, Red-headed Vulture, (Scopoli, 1786), (CR)
      • Slekt Trigonoceps
        • Kvithovudgribb, Trigonoceps occipitalis, White-headed Vulture, (Burchell, 1824), (CR)
      • Slekt Aegypius
        • Munkegribb, Aegypius monachus, Cinereous Vulture, (Linnaeus, 1766), (NT)
      • Slekt Torgos
        • Øyregribb, Torgos tracheliotos, Lappet-faced Vulture, (Forster, JR, 1796), (EN)
    • Underfamilie Elaninae
    • Underfamilie Gampsonychinae
    • Underfamilie Gypaetinae
      • Slekt Polyboroides, to haukeartar
      • Slekt Gypohierax
        • Palmegribb, Gypohierax angolensis, Palm-nut Vulture, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
      • Slekt Gypaetus
        • Lammegribb, Gypaetus barbatus, Bearded Vulture, (Linnaeus, 1758), (NT)
      • Slekt Neophron
        • Åtselgribb, Neophron percnopterus, Egyptian Vulture, (Linnaeus, 1758), (EN)
      • (slekter av haukar, våkar, glentar og bazaer)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kemp, A. C. og G. M. Kirwan (2020). Palm-nut Vulture (Gypohierax angolensis), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.panvul1.01
  2. «The cinereous vulture - Key facts and figures». LIFE Aegypius Return. 
  3. Jørn J. Fremstad (20. mai 2020). «Gribben lytter etter mat». Norsk institutt for naturforskning, NINA. 
  4. Ward, Jennifer and McCafferty, Dominic J and Houston, David C and Ruxton, Graeme D (2008). «Why do vultures have bald heads? The role of postural adjustment and bare skin areas in thermoregulation». Journal of Thermal Biology (Elsevier) 33: 168––173. doi:10.1016/j.jtherbio.2008.01.002. 
  5. BirdLife International (2024) Faktaark Aegypius monachus henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/cinereous-vulture-aegypius-monachus/text den 2. juni 2024
  6. Salvador, A. (2023). Cinereous Vulture (Aegypius monachus), version 2.0. I Birds of the World (G. M. Kirwan, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.cinvul1.02
  7. Oppslag i Artsobservasjoner Henta 2. juni 2024
  8. 8,0 8,1 BirdLife International (2024) Faktaark Gyps fulvus henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/griffon-vulture-gyps-fulvus/text den 2. juni 2024
  9. BirdLife International (2024) Faktaark Gypaetus barbatus henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/bearded-vulture-gypaetus-barbatus/text den 2. juni 2024
  10. BirdLife International (2024) Faktaark Neophron percnopterus henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/egyptian-vulture-neophron-percnopterus/text den 2. juni 2024
  11. BirdLife International (2024) Faktaark Necrosyrtes monachus henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/hooded-vulture-necrosyrtes-monachus/text den 2. juni 2024
  12. 12,0 12,1 BirdLife International (2024) Faktaark Gyps africanus henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/white-backed-vulture-gyps-africanus/text den 2. juni 2024
  13. BirdLife International (2024) Faktaark Gyps rueppelli henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/ruppells-vulture-gyps-rueppelli/text den 2. juni 2024
  14. 14,0 14,1 BirdLife International (2024) Faktaark Trigonoceps occipitalis henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/white-headed-vulture-trigonoceps-occipitalis/text den 2. juni 2024
  15. BirdLife International (2024) Faktaark Torgos tracheliotos henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/lappet-faced-vulture-torgos-tracheliotos/text den 2. juni 2024
  16. BirdLife International (2024) Faktaark Gyps coprotheres henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/cape-vulture-gyps-coprotheres/text den 2. juni 2024
  17. BirdLife International (2024) Faktaark Gypohierax angolensis henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/palm-nut-vulture-gypohierax-angolensis/text den 2. juni 2024
  18. 18,0 18,1 BirdLife International (2024) Faktaark Gyps bengalensis henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/white-rumped-vulture-gyps-bengalensis/text den 2. juni 2024
  19. BirdLife International (2024) Faktaark Gyps indicus henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/indian-vulture-gyps-indicus/text den 2. juni 2024
  20. BirdLife International (2024) Faktaark Gyps himalayensis henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/himalayan-griffon-gyps-himalayensis/text den 2. juni 2024
  21. BirdLife International (2024) Faktaark Gyps tenuirostris henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/slender-billed-vulture-gyps-tenuirostris/text den 2. juni 2024
  22. BirdLife International (2024) Faktaark Sarcogyps calvus henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/red-headed-vulture-sarcogyps-calvus/text den 2. juni 2024
  23. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 21. mai 2024. 
  24. Lisbet Jære (22. august 2023). «Det kan få uante konsekvenser for oss mennesker om gribbene forsvinner». forskning.no. 
  25. Ogada, Darcy L and Keesing, Felicia and Virani, Munir Z (2012). «Dropping dead: causes and consequences of vulture population declines worldwide» (PDF). Annals of the New York Academy of Sciences (Wiley Online Library) 1249: 57––71. doi:10.1002/etc.5358. 
  26. Santangeli, Andrea and Girardello, Marco and Buechley, Evan and Botha, Andre and Minin, Enrico Di and Moilanen, Atte (2019). «Priority areas for conservation of Old World vultures». Conservation Biology (Wiley Online Library) 33: 1056––1065. doi:10.1111/cobi.13282. 
  27. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2024). «Raptors». IOC World Bird List Version 14.1. International Ornithologists' Union. Henta 21. mai 2024. 
  28. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 21. mai 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]