Hopp til innhald

Languedoc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpenet til provinsen Languedoc, i dag nytta som offisielt flagg for regionen Midi-Pyrénees og byen Toulouse

Languedoc er ein tidlegare provins i Frankrike, som i dag består av regionane Languedoc-Roussillon og Midi-Pyrénées sør i landet. Hovudstaden i provinsen var Toulouse, i dag i Midi-Pyrénées. Montpellier var ein annan viktig by i provinsen. Languedoc hadde eit areal på om lag 42 700 km².

Languedoc må ikkje forvekslast med det lingvistiske og kulturelle område Oksitania, som han er ein del, men som er mykje større enn Languedoc.