Mente

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mente er eit tal som ein under addisjon eller multiplikasjon av fleirsifra tal må ha med i minnet, og eventuelt skriva ned, når summen av ein sifferkolonne er lik eller større enn ti. Ein fører nemleg berre einarane i denne summen i sluttsvaret, og har tiarane «i minne» til neste sifferkolonne.

Døme:[1]

     2 2 1
    4893
+  6786
+  3998
= 15667

Mentane er skrivne med lita skrift øvst.

Ordet er avleidd frå in mente, ‘i minnet’ eller ‘i sjela’. I daglegtale kan ein nytta uttrykket «å ha noko i(n) mente» om å hugsa noko eller ha det «i bakhovudet».[1] Ein kan også nytta «opp og i mente» om noko ein meiner det stadig vekk er for mykje av.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]