Podlasie-voivodskapet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Podlasie
voivodskap
Flagg
Symbol
Land  Polen
Hovudstad Białystok
Areal 20 180,0 km²
Folketal 1 193 348 (30. juni 2014)
Kart
Podlasie-voivodskapet
53°16′02″N 22°55′55″E / 53.267219444444°N 22.931938888889°E / 53.267219444444; 22.931938888889
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Wikimedia Commons: Podlaskie Voivodeship

Podlasie-voivodskapet (polsk Województwo podlaskie eller berre Podlaskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg nordaust i landet.

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Białystok og Łomża, og halvparten av Suwałki. Namnet kjem frå den historiske regionen Podlasie og voivodskapet med same namn under Det polsk-litauiske samveldet (1569–1795).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Podlasie har den lågaste folketettleiken av dei seksten polske voivodskapa og består av store område med urørt natur. Rundt 30 % av området er verna. Den polske delen av Białowieżaskogen ligg i Podlasie. Det er fire nasjonalparkar (Wigry, Biebrza, Bialowieża og Narew), tre landskapsparkar (Suwałki, Łomża-Narew-dalen og Knyszynskogen), 88 naturreservat og 15 verna landskapsområde i voivodskapet.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Voivodskapet inneheld 36 landsbyar og byar. Folketala i lista under er frå 2006 [1]:[daud lenkje]

1. Białystok (295 210)
2. Suwałki (69 234)
3. Łomża (63 572)
4. Augustów (30 054)
5. Bielsk Podlaski (26 876)
6. Zambrów (22 700)
7. Grajewo (22 651)
8. Hajnówka (22 072)
9. Sokółka (18 888)
10. Łapy (16 583)
11. Siemiatycze (15 169)
12. Kolno (10 751)
13. Mońki (10 455)
14. Czarna Białostocka (9 596)
15. Wysokie Mazowieckie (9 257)
16. Wasilków (8 967)
17. Dąbrowa Białostocka (6 147)
18. Sejny (5 934)

19. Choroszcz (5 416)
20. Ciechanowiec (4 898)
21. Supraśl (4 578)
22. Brańsk (3 794)
23. Szczuczyn (3 564)
24. Knyszyn (2 835)
25. Lipsk (2 498)
26. Stawiski (2 442)
27. Zabłudów (2 400)
28. Suchowola (2 243)
29. Drohiczyn (2 086)
30. Nowogród (2 014)
31. Goniądz (1 910)
32. Jedwabne (1 901)
33. Tykocin (1 893)
34. Rajgród (1 673)
35. Kleszczele (1 432)
36. Suraż (982)

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Podlasie-voivodskapet er delt inn i 17 fylke (powiat), der tre er byfylke og 14 er landfylke. Desse er igjen delt inn i 118 gmina eller kommunar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Podlasie-voivodskapet