Prilep

Koordinatar: 41°20′40″N 21°33′10″E / 41.34444°N 21.55278°E / 41.34444; 21.55278
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prilep
Прилеп
Utsyn over Prilep frå Markotårna
Utsyn over Prilep frå Markotårna
Utsyn over Prilep frå Markotårna
Byvåpenet til Prilep
Byvåpenet til Prilep
Styresmakter
Land
Statistisk region
Nord-Makedonia
Pelagonia
Borgarmeister Marjan Risteski
Geografi
Flatevidd 1 194,44 km²
Flatevidd
 - By

1 194,44 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2021)
   - folketettleik

69 025
  57,79/km²
Koordinatar 41°20′40″N 21°33′10″E / 41.34444°N 21.55278°E / 41.34444; 21.55278
Høgd over havet +620 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 7500
Telefon-retningsnummer 389 048
Heimeside: prilep.gov.mk
Plassering
Plasseringa til Prilep i Nord-Makedonia
Plasseringa til Prilep i Nord-Makedonia
Plasseringa til Prilep i Nord-Makedonia

Prilep (makedonsk Прилеп; tyrkisk Pirlepe eller Perlepe; arumensk Parleap; gresk Περλεπές, Perlepes, eller Πρίλαπο, Prilapo) er ein by og ein kommune i regionen Pelagonia i Nord-Makedonia. Kommunen fekk sitt noverande omfang i 2004, då dei tidlegare kommunane Topoltsjani og Vitolisjte vart innlemma i kommunen.

Kommunen har eit areal på 1 194,44 km2. I 2021 hadde kommunen 69 025 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 63 308 innbyggjarar.[1]

Prilep er kjend som «byen under Marko sine tårn» sidan han ligg nær tårna til den legendariske helten kong Marko.

Prilep ligg nord på sletta Pelagonia sør i landet og er sete i kommunen med same namn. Prilep ligg 128 km frå hovudstaden Skopje, 44 km frå Bitola og 32 km frå Krusjevo.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Prilep vart grunnlagd på ruinane av den antikke byen Styberra, som først var ein by i Makedonia og seinare innlemma i Romarriket. Styberra vart rasert av gotarar i 268, men var delvis busett heilt sidan den gong. Byen vart først nemnd som Prilep i 1014 som staden der Samuil av Bulgaria visstnok fekk hjarteåtak då han såg at tusenvis av soldatane hadde vorte gjort blinde av austromarane etter slaget ved Kleidion. Han vart tatt tilbake av Det andre bulgarske riket før han vart erobra av Det osmanske riket. Prilep var under osmanarane sin kontroll i seks hundre år før han vart ein del av Jugoslavia. Då Jugoslavia braut saman i 1992 vart han ein del av staten som no heiter Nord-Makedonia.

Busetnader i kommunen[endre | endre wikiteksten]

Dei største busetnadene i kommunen var:

Busetnad Folketal 2002[2] Folketal 2021[1]
Prilep 66 246 63 308 1
Varosj 3 458 1
Kanatlartsi 972 1 202
Malo Konjari 727 618
Golmo Konjari 699 613
Berovtsi 334 365
  1. Varosj innrekna i Prilep i 2021

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]