Panjab i Pakistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Punjab i Pakistan)
Panjab
Punjab
پنجاب
provins
Flagg
Symbol
Land  Pakistan
Del av Panjab
Hovudstad Lahore
Areal 205 344 km²
Folketal 101 391 000
Grunnlagd 1. juli 1970
Språk panjabi (lokalspråk), urdu (nasjonalspråk)
Kart
Panjab i Pakistan
31°20′N 74°13′E / 31.33°N 74.21°E / 31.33; 74.21
Wikimedia Commons: Punjab, Pakistan

Panjab er den folkerikaste og tettast folkesette provinsen i Pakistan. Han ligg aust i landet, og utgjer størsteparten av det tidlegare riket Panjab. Den andre delen høyrer til India. Panjab grensar til Sindh i sør, Balochistan og Khyber Pakhtunkhwa i vest, Asad Jammu og Kashmir og Islamabad i nord, og dei indiske delstatane Panjab og Rajasthan i aust. Lahore er provinshovudstaden og den største byen, og ligg aust i provinsen.[1]

Panjab har ei flatevidd på 205 344 km².[2] Han er den andre største av dei fire regionane som utgjer Pakistan, etter Balutsjistan.[1] Dei største talespråka i provinsen er panjabi, urdu og saraiki. Dei viktigaste skriftspråka er urdu og deretter engelsk.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Wan Bhatsjran i Panjab. Plantane får vatn frå ein kanal.

I sør og aust består provinsen av sletteland rundt Indus og bielvene hennar.[2] Dei fem elvane som har gjeve namn til Panjab – Beas, Ravi, Chenab, Sutlej og Jhelum – er alle bielver til Indus.[1]

Mot nord går slettelandet over i eit bakkelandskap, som lengst i nordaust hever seg som eit forland til Himalaya. Panjab har også store ørkenområder - i søraust når landskapet inn i ørkenen Thar, og mellom elvene Indus og Jhelum ligg ørkenen Thal.[2]

Provinsen ligg i grenseområdet for monsunklimaet,[1] og har lite nedbør, bortsett frå lengst i nord.[2] Temperaturskilandane mellom sommar og vinter og mellom dag og natt er store.[2] Middeltemperaturen i sletteområda ligg på over 30 grader om sommaren men berre litt over 10 grader om vinteren.[1]

Dei gjev grunnlaget for eit fruktbart område som er storprodusent av kveite og bomull. Jordbruk er den viktigaste næringsvegen i provinsen. Panjab har likevel meir industri enn mange andre område i Pakistan, med produksjonav tekstilar, næringsmiddel, metall, maskinar og produkt som syklar, rickshawar, kirurgiske instrument og brunevarer.[1]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Abbasimoskeen sett frå Derawar-festningen.

Viktige byar i provinsen er Bahawalpur, Faisalabad, Gujranwala, provinshovudstad og største by Lahore, Multan, Rawalpindi, Gujranwala, Rabwah, Sialkot og Taxila.

Over 99 % av innbyggjarane i pakistansk Panjab er muslimar, dei fleste sunni. Sufisme står sterkt her. Området har også små grupper parsarar, bahaiar, kristne, sikhar og hinduar. I provinsen finst fleire viktige stader for sikhane, mellom anna fødestaden til religionsstiftaren Guru Nanak, i Nankana Sahib.

Dei største folkegruppene (kastar) i provinsen er djat, radjput, arain, gudjar og awan.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 «Punjab», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, 2016, henta 5. mai 2016 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Punjab – provins i Pakistan», Store norske leksikon, 10. desember 2012, henta 5. mai 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Panjab i Pakistan