Safirbukkolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Safirbukkolibri
Safirbukkolibri
Safirbukkolibri
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av safirbukkolibri
Utbreiinga av safirbukkolibri
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Trochilini
Slekt: Chrysuronia
Art: Safirbukkolibri L. lilliae
Vitskapleg namn
Lepidopyga lilliae

Safirbukkolibri (Chrysuronia lilliae) er ein fugl i kolibrifamilien og er endemisk for Colombia med avgrensa utbreiing mot kysten av Det karibiske havet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hannfuglar av safirbukkolibrien når ein storleik 8,9 til 9,4 cm og ei vekt på 4,3 gram. Han har eit kort, rett nebb, overnebbet er svart, undernebbet rosa, men nebbtuppen er svart. Oversida er blågrøn, undersida blå. Halsen er iriserande fiolett. Den blå-svarte halen er djupt kløfta.

Først i dei seinare åra har hofuglar blitt observerte. Framleis manglar skildring av storleik, kroppsvekt og nebbfarge hos hofuglar. I følgje ei kjelde,[1] har hoa skinande grøn overside og halen er grøn-svart. Buken har spetta gråaktig farge, brystet og flankane blålege fjører som bleiknar ned mot buken.

Safirbukkolibrien er endemisk for mangrovane og buskvegetasjon av xerofyttar på den colombianske karibiske kysten. Det litle utbreiingsområdet på 2 900 km² aust og sør for byen Barranquilla dekker delar av departementa Atlántico, Magdalena og La Guajira.[2] Dei fleste observasjonane er frå nasjonalparken Isla dei Salamanca og frå Ciénaga Grande de Santa Marta. Som andre kolibriartar beitar dei tilsynelatande på insekt og nektar frå blomar.

Ein oljerøyrleidning og ein veg blei bygd gjennom våtmarkene i Ciénaga Grande de Santa Marta og Isla dei Salamanca på midten av 1970-talet. Dette blokkerte den naturlege tidevasstraumen og førte til massiv død av mangroveskogane. Situasjonen varte fram til 1992. Birdlife International anslår bestanden av safirbukkolibri til mellom 285 og 440 individ. Arten vart fotografert for første gong så seint som i 2007. Han er klassifisert som ein sterkt truga art (EN) ifølgje Verdas naturvernunion, IUCN.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. ARKive - Wildscreen
  2. BirdLife International, 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Luther, D. (2021). Sapphire-bellied Hummingbird (Chrysuronia lilliae), version 1.1. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.sabhum1.01.1