Sliven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sliven
Сливен
Kommune
Sliven og låglandet i Thrakia sett frå sørlege delar av Balkanfjella
Våpenskjold
Land  Bulgaria
Provins Sliven
Koordinatar 42°50′51″N 26°18′59″E / 42.84750°N 26.31639°E / 42.84750; 26.31639
Høgd 243 m
Areal 1 353,940 km² [1]
Folketal 112 890  (2021)[2]
Folketettleik 83,38 / km²
Tidssone EET (UTC+2)
Postnummer 8800
Retningsnummer 044
Kart
Sliven
42°41′00″N 26°20′00″E / 42.6833°N 26.3333°E / 42.6833; 26.3333
Sliven kommune i provinsen Sliven
Sliven kommune i provinsen Sliven
Sliven kommune i provinsen Sliven
Wikimedia Commons: Sliven Municipality
Nettstad: sliven.bg

Sliven (bulgarsk Сливен) er ein by og ein kommune i provinsen Sliven søraust i Bulgaria, og er hovudstad i provinsen. Kommunen omfattar byane Sliven og Kermen, i tillegg til 43 andre busetnader.

Sliven er den niande største byen i Bulgaria og er kjend for dei bulgarske innbyggjarane som kjempa mot ottomanarane1800-talet.

I 1834 oppretta Dobri Zjeljazkov den første fabrikken i Bulgaria, og starta med det den industrielle utviklinga i landet. Sliven var eit av dei største industrisentera i Bulgaria, og spelte ei viktig rolle i å byggje opp landet på nytt. Byen har lange tradisjonar innan tekstilproduksjon, maskinbyggjing, og glasproduksjon, og teknisk- og matindustri.

Areal og folketal[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har eit areal på 1 354 km2.[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 112 890 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 80 467 innbyggjarar.[2]

Til storbyområdet for Sliven blir rekna heile kommunen.[3]

Dei største busetnadene i kommunen er:

Busetnad Bulgarsk namn Folketal (2011)[4] Folketal (2021)[2]
Sliven Сливен  91 620  80 467
Topoltsjane Тополчане  2 989  3 372
Sotirja Сотиря  2 096  2 234
Zjelju vojvoda Желю войвода  2 447  2 120
Samuilovo Самуилово  2 111  2 103
Krusjare Крушаре  2 064  2 097
Kermen Кермен  1 801  1 471
Seliminovo Селиминово  1 481  1 466
Tsjintulovo Чинтулово  1 297  1 460
Kamen Камен  1 308  1 403
Gavrailovo Гавраилово  1 193  1 021

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 Arkivert 2021-08-01 ved Wayback Machine. («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  2. 2,0 2,1 2,2 Население по статистически райони, области, общини, населени места, пол и възраст («Befolkning i statistiske regionar, regionar, kommunar og busetnader etter kjønn og alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  3. Urban Audit – Settlements and Municipalities («Storbyområde – Busetnader og kommunar), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»
  4. Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)