Thimphu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thimphu
by
Land  Bhutan
Høgd 2 736 m
Areal 27 km²
Folketal 114 551 (2017)[1]
Kart
Thimphu
27°28′17″N 89°38′01″E / 27.47135°N 89.63367°E / 27.47135; 89.63367
Wikimedia Commons: Thimphu

Thimpu er hovudstaden i Bhutan. Den omliggande dalen og fylket (dzongkhag) har òg same namn. I 2017 hadde byen 114 551 innbyggjarar, og er utan samanlikning den største busettinga i landet. Byen strekkjer seg ut langs vestsida av Wang Chhu-elva sitt dalføre. Byen har, som mange andre hovudstader, vakse kraftig som følgje av flukta frå landsbygda. Utviklinga har ført til renovering i bykjerna og rask vekst i forstadene.

Dechenchoeling, den offisielle kongebustaden, ligg nord for byen. Det same gjer klostra Dechenphu, Tango og Cheri.

Tashichoedzong, hovudstaden sin dzong, med fleire nasjonale funksjonar, ligg òg på nordsida av byen. Dette palasset/borga vart bygt i 1641, og har vore sete for regjeringa sidan 1952. Kvart år, på seinsommaren, er Tashichoedzong åstad for ein fargerik maskedansfestival kalla tsechhu.[2] Dette er er ein populær turistattraksjon.

I hovudgata Norzim Lam ligg det butikkar, restaurantar, kjøpesenter og offentlege bygningar. Overalt finst ei blanding av bustadblokker, mindre bustader og familiedrivne butikkar. Styresmaktene praktiserer ein streng kontroll med byggeskikken: alle bustader skal utsmykkast i tradisjonell stil, med buddhistiske måleri og motiv. Dette vert handheva svært strengt, og brot på eksteriørforskriftene kan føre til at bygg vert rivne.

Nede ved elva ligg eit livleg marked i helgene. Her vert det selt kjøt, grønsaker og suvenirar. Det meste av byen sin småindustri ligg sør for den største brua.

Thimpu er den einaste hovudstaden i verda utan trafikklys.[treng kjelde]

Thimphu frå Sangey Gang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Thimphu