Tove Elise Madland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tove Elise Madland
Fødd10. mars 1965 (59 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Tove Elise Madland (fødd Olsen10. mars 1965) er ein norsk helsearbeidar og politikar frå Randaberg i Rogaland, busett i Vats i Vindafjord. Ho er sidan 2021 stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og frå Rogaland.

Madland var frå 1995 medlem av kommunestyret i Vindafjord kommune. I fire valperiodar representerte ho Kristeleg Folkeparti. Etter 2015 representerte ho Arbeidarpartiet og var frå 2019 varaordførar i kommunen. Hausten 2021 vart ho vald inn på Stortinget frå Rogaland og for Arbeidarpartiet. På Tinget var ho i fem veker medlem i Kontroll- og konstitusjonskomiteen, frå 26. november 2021 har ho hatt sete Helse- og omsorgskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]