Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 23, 2024

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lavskrikje

Lavskrikje (Perisoreus infaustus) er ein kråkefugl som førekjem i lavkledd barskog frå Noreg til austre Sibir, og er ein utprega standfugl innanfor utbreiingsområdet. Lavskrikja kan kjennast igjen på den gråbrune livlege fjørdrakta, og ho har ei klår rustraud farge på vengteikningane, stjerten, og overgumpen. Lavskrikja er kjent for å vere mykje uredd, og nærmar seg ofte til menneske i skogen for søk etter føde. Ho har òg spelt ei viktig rolle i folklore.

Lavskrikja er mindre enn dei fleste kråkefuglar, med ei gjennomsnittleg lengd på 26-29 centimeter, eit vengespenn på 40-46 centimeter og ei vekt på 80-95 gram. Den mykje iaugefallande fjørdrakta er gråbrun med ein brunsvart krone og rustraud overgump, liksom stjertsidene. Les meir …